190124-Gvarv-03-b

Ny kommune kan få milliontap


Ikkje billegare: Regjeringa set ned maksimalsatsen som kommunane kan ta i eigedomsskatt, men det er ikkje truleg at det fører til lågare skatt i Sauherad. Kommunen planlegg å føreta det som blir kalla kontortakst.

Regjeringa senkar maksimalsatsen for eigedomsskatt frå sju til fire promille. Det kan påføre Sauherad eit tap på 4,2 millionar kroner, men administrasjonen planlegg å endre skattegrunnlaget.

Etter at me skreiv om eigedomsskatten i avisa denne veka har me fått opplyst at regjeringa i tillegg til å endre promillesatsen, reduserer taksten som kommunen reknar ut eigedomsskatten av med 30 prosent. Det kjem me tilbake til i neste avis.

I denne vekas avis kan du lese om konsekvensane som den nye regjeringsplattforma får for skatteinntektene til Sauherad kommune og etter kvart Midt-Telemark kommune.

Du finn saka i papiravisa og i eavisa på nett.