Sosiale medium

Bø i Telemark
07
6°C
 

Dato

Onsdag 16. oktober 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Nytt og fint på Brenna

Fin-fint bygg på Brenna. Stian Sveinsson (f.v.), Tor Magne Nevestveit og Sigmund Verpe er svært nøgde med det nye administrasjonsbygget til Telemark Byggentreprenør på Brenna. Byggfirmaet tok nyleg sitt nye hus i bruk. Foto: Åsne Mæland

Telemark Byggentreprenør (TBE) viser at det går an å byggje fine hus på industri-tomter også. I Midt-Telemark Næringspark på Brenna mellom Bø og Gvarv har det vore byggjeaktivitet på fleire tomter det siste året. Bak på næringsområdet har bygget for nytt lensmannskontor kome opp og som eit signalbygg mot vegen har TBE bygd sitt nye og flotte kontor- og lagerbygg. TBE har gjort det meste sjølv, heilt frå teiknebordet. Og det har verkeleg blitt eit flott og interessant bygg. I dagens avis kan du lese meir om saka.

Dagens Bø blad har eit 32-siders bilag på Bygg og bustad. Her er mykje stoff frå både Sauherad og Bø.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje