Bø formannskap 090110 Isaksen

Nytt oppvaskmøte om Irmat

Bø formannskap diskuterte onsdag bygging av miljøstasjon på Brenna. Frustrasjonen er stor og Irmat-saka går nå til kommunestyret.

Ap-politikar Glenn Isaksen (t.h.) kom med hard skyts da Bø formannskap diskuterte Irmat-saka onsdag.

Onsdagens formannskapsmøte i Bø handla om kva for mandat ordførar Borgar Kaasa skal ha med seg til ekstraordinær generalforsamling og eigarmøte i Irmat AS onsdag neste veke. Etter to timars engasjert diskusjon, stemte Glenn Isaksen (Ap), Asbjørn Botnen (H) og Bjørn Magne Langkås (Frp) for full stopp i bygging av miljøstasjon på Brenna, samt umiddelbar avsetting av styreformannen i Irmat fram til saka er granska av advokatar og tingrett. Forslaget vart nedstemt med tre mot fire stemmer og ordførar og rådmannens forslag blei vedteke.

Svært kritisk opposisjon

– Me krev at styret i Irmat får i oppdrag å inngå avtale med eksisterande miljøstasjonar i regionen dersom det er behov for det, foreslo Isaksen.

– Galskapen må stoppe nå. Me kan ikkje stå inne for alt som har skjedd i mørke rom. Her er det uglar i mosen og det kan ikkje me som politikarar ha på oss, seier Botnen (H) til Bø blad.

– Her er rot, tull og håplause prosessar, sa Isaksen, og slo fast at innbyggjarane får svi med aukande renovasjonsgebyr. Han kritiserte også ordføraren for å vere for passiv.

– Mykje tyder på at ordføraren ikkje har forstått heile saka, sa Isaksen.

– Eg kjem inn frå sidelinja, men har i mine 30 år i lokalpolitikken ikkje sett makan til sak, sa Bjørn Magne Langkås (Frp), og la til at ikkje var einig i ordførarens konklusjonar i saka.

– Politikaranes ansvar

Botnen sa han aldri har opplevd makan til sak og meinte at kommunen har mista all kontroll og styring i avfallssakene. Han sa han var svært engsteleg for kostnadssida av saka.

Rådmann Åse Egeland tok oppgjer med politikarane sin frustrasjon.

– Bø kommune har forpliktingar overfor Irmat. Det er greitt å vere frustrert, men politikarane i Bø har sjølv vedteke å organisere arbeidet gjennom eit AS. Det er ei kjensgjerning som de kan like eller ikkje. Ansvaret må politikarane i Bø ta sjølve, sa ho.

Isaksen meinte at rådmannen «synsa» om dei juridiske sidene i saka, medan både ordførar, rådmann og posisjonspartia med varaordførar Evy Beate Stykket (V) i front tala for moderasjon og at saka med etablering av miljøstasjon må gå vidare. Botnen undra på om Kripos måtte koplast inn om ikkje advokatar og tingrett kjem til botn i saka.

Både ordførar Borgar Kaasa (Sp), rådmann Åse Egeland og posisjonspartia med varaordførar Evy Beate Stykket (V) i front tala for moderasjon og at saka med etablering av miljøstasjon må gå vidare.

– Me turar ikkje på i saka slik opposisjonen seier, men må la saka gå sin gang. Det blir ulike granskingar, og før me har svar på desse kan me ikkje seie full stopp, sa Stykket, og meinte opposisjonen brukar litt hard skyts i saka.

Set foten ned

Bø kommune set likevel foten ned på fleire punkt når det gjeld Irmat si handtering av næringsavfall som overstig dei lovlege 20 prosentane i samla avfallsmottak. Kommunen krev også nytt styre ved ordinær generalforsamling i juni med relevant og betre kompetanse enn i dag, samt at nytt styre skal gjennomgå selskapets føremål og vedtekter for å imøtekome det som har kome av kritikk frå blant anna revisjonar frå kontrollutval og kommunerevisjon.

Ordføraren innrømte at det er stor ueinighet i saka og at det er mange uheldige og ukloke sider ved den.

– Leigeavtalen på Brenna er dum, men ikkje ulovleg, sa ordføraren.

Million-kostnad

Rådmann Åse Egeland informerte om at KS-advokatane har signalisert at dei ikkje kan ta saka om å vurdere prosess og lovlegheit ved inngåing av leigeavtala på Brenna.

– Om me skal gå til eit advokatfirma med kompetanse på dette, vil heile 2019 gå med, og me får ein kostnad på minst ein million kroner. Me kan ikkje setje i gang dette utan vidare. Saka må til kommunestyret, sa ho.

Isaksen og Botnen var frampå og sa at ein ikkje har så hastverk i saka at ikkje ein kan bruke eitt år på å få fram sanninga.

Isaksen foreslo at saka kan handsamast som ei mindretalsanke for å bli lagt fram for kommunestyret i neste møte. Det fekk han gjennomslag for med sine tre stemmer. Det betyr at kommunestyret må ta stilling til full stopp i etableringa på Brenna og om styreformannen skal avsetjast. Saka inneheld for øvrig åtte ulike punkt, med dei to nemnde som dei mest kontroversielle.

Ekstravedtak

Isaksen fekk også eit samrøystes formannskap med seg på eit vedtak med pålegg til det sitjande styret i Irmat AS: «Bø kommune ber Irmat AS kontakte Fylkesmannen og sørgje for at søknad og tillatelse er i tråd med reviderte reguleringsbestemmelsar og tidlegare politiske vedtak om at anlegget på Brenna kun skal motta ekstra avfall frå hushaldningar».