Kommunestyra i Bø og Sauherad har løyvd pengar til kontingentkasser for barn og unge. I tillegg kan det kome pengar frå Telemark idrettskrets.
Målet er å bidra til at barn og unge i låginntekstfamiliar lettare kan delta i fritidsaktivitetar. Bø kommune har løyvd 50.000 kroner til kontingentkasse i Bø. Sauherad kommunestyre har løyvd 30.000 kroner til kontingentkasse i Sauherad.
– Dette er absolutt eit bra steg vidare. Kontingentkasse er viktig for klubbar og foreiningar, men ikkje minst for barn i låginntektsfamiliar, seier Sindre Flø, idrettskonsulent i Bø og Sauherad.
Les meir i papiravisa eller i e-avisa på boblad.no