Sosiale medium

Bø i Telemark
12
1°C
 

Dato

Torsdag 21. november 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Per Anders vann A-klassa på Bøkappleiken

Per Anders Buen Garnås da han spela seg til siger i Spel hardingfele klasse A på Bøkappleiken. Foto: Gro B. Røiland

Per Anders Buen Garnås gjekk til topps i Spel hardingfele klasse A på Bøkappleiken laurdag, med spel som hausta 91 poeng. Han fekk også fyrste napp i måleriet av Bjarne Herrefoss, måla av Knut Buen og gjeve som vandrepremie til Bøkappleiken.

Det er tett i toppen i A-klassa i hardingfelespel, der spelemenn med adresse Bø dominerer. Neste på lista blei Torgeir Straand med 90 poeng. Både Buen Garnås og Straand spelar for Spelemannslaget Bøheringen.

Eitt poeng bak låg Ottar Kåsa med 89 poeng. Han spelar for Falkeriset. Lars-Ingar Meyer Fjeld spela seg til 87 poeng og kom på fjerde plass. Han spelar for Vårlengt Spelemannslag.

Deltaking på årets Bøkappleik, både på scenen og i salen, var svært bra. Med i alt 64 startnummer på scenen blei det ein lang og innhaldsrik kappleik. Her fekk dei frammøtte ein god blanding av spel, dans og kveding av utøvarar i alle aldrar.

Dommarar var Hallvard T. Bjørgum, Erland Tveiti og Øystein Romtveit, spel, Hæge Manheim, Ole Arnfinn Hagen og Marit Vågen Lilleland, dans og kveding.

Resultata frå Bøkappleiken 2019 (poeng i parantes):

Spel hardingfele klasse A:

Per Anders Buen Garnås (91), Torgeir Straand (90), Ottar Kåsa (89), Lars-Ingar Meyer Fjeld (87), Herbjørn Liahagen (76), Lars Erik Øygarden (70).

Spel hardingfele klasse B:

Eivind Tanche-Larsen Knutsen (79), Ånond Versto (77), Birgit Haukås (71), Nina Byttingsmyr (68), Bjørnar Hamre (67), Svein Olav Krontveit (66), Elisabeth Gaver (65), Jonas Laupsa (64), Even Westeng (51).

Spel hardingfele klasse C:

Maria Vaaje (60), Sunniva Langås-Røiland (59), Vilde Westeng (56).

Spel hardingfele klasse D:

Ragnhild Knudsen (61)

Lagspel hardingfele:

Spelemannslaget Bøheringen (75).

Gruppespel senior:

Maria Vaaje og Nina Byttingsmyr (76).

Gruppespel junior:

Anne Britt Seljord Amundsen, Kaja Fossland og Sunniva Langås-Røiland (50).

Andre instrument junior:

Jon Inge Særsland (75), Torjus Bakken (68).

Andre instrument senior:

Tale Tvitekkja (66), Even Westeng (61).

Dans klasse A:

Jorunn M. Torjussen og Ole Kristian Torjussen (85), Ingebjørg Bø og Knut Erik Jordstøyl (83), Sara Fjågesund Aase og Eivind Bakka (76), Sara Fjågesund Aase og Eivind Bakka (73).

Dans klasse B:

Birgit Haukås og Knut Boksasp Berge (83), Birgit Haukås og Knut Boksasp Berge (81), Even Westeng og Vilde Westeng (74), Helge Sigurd Amdal Telnes (74), Helge Sigurd Amdal Telnes (73), Vilde Westeng (70).

Dans klasse C:

Malin Røysland Skårberg og Torjus Bakken (79), Malin Røysland Skårberg og Torjus Bakken (78), Gjertrud Raftevold Rue (75), Jon Inge Særsland og Vilde Lerstang (71), Thea Myrjord Norheim (71), Thea Myrjord Norheim (70), Gjertrud Raftevold Rue (70), Jon Inge Særsland og Vilde Lerstang (67), Johanne Tufte Berge (66), Kaja Fossland og Anne Britt Seljord Amundsen (56), Kaja Fossland og Anne Britt Seljord Amundsen (55), Tor Olav Kjøk og Guro Olsen Lerstang (49), Tor Olav Kjøk og Guro Olsen Lerstang (48).

Dans klasse D:

Aud Manheim og Johan Vaa (74).

Dans halling B:

Knut Boksasp Berge (79), Even Westeng (76).

Dans halling C:

Vilde Westeng (77), Torjus Bakken (74)

Lagdans senior:

Nes Nasjonale Dansarring (65), Bø Dansarring (64).

Dans rekrutt:

Therese Ringsevjen (vurdering).

Vokal folkemusikk A:

Kjell Hove (74).

Vokal folkemusikk B:

Gro Verpe Moen (72).

Vokal folkemusikk C:

Malin Røysland Skårberg (79).

Vokal folkemusikk D:

Bjarne Nordjordet (69).

Vokal folkemusikk rekrutt:

Gisle Snarteland (vurdering).

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje