180315-Norsjø-kammermusikkfest-1

Programslepp for kammermusikkfest

Josephine Hsieh og Øyvind Sundsvalen spela i samband med programslipp for årets Norsjø kammermusikkfest. Foto: Gro B. Røiland

Programmet for Norsjø kammermusikkfest blei presentert i helga i samband med Sauheraddagane. Årets festival er lagt til dagane 15. til 21. april, og det er den femte festivalen i rekka.

Norsjø kammermusikkfest er blitt eit populært møtepunkt for unge klassiske musikarar på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå, og mange vil gjerne tilbake til Midt-Telemark. På programsleppet presenterte Øyvind Sundsvalen i programnemnda eit konsertprogram med fjorten namn, der mange har deltatt tidlegare. Han er sjølv ein av dei som skal spele.

Dei andre er Sara Øvinge, fiolin, Johanne Haugland, fiolin, Eivind Holtsmark Ringstad, bratsj, Ivan Valentin, cello, Pierre Xhonneux, klarinett, Josephine Hsien, klaver, Dorina Komani, klaver, Vegar Vårdal, hardingfele, Jørgen Backer, song, Stina Steingrim Levvel, song, Duo Dynamo, fiolin og cello og Martin Ødegaard, komponist og utøver.

Konsertane blir spreidd på mange arenaer og mange kommunar i Telemark.

Les meir om programmet og musikarane i papiravisa torsdag eller i e-avisa som abonnentar finn på boblad.no.