psu_fn-181116-15-

Sauherad kastar styremedlem i Irmat

Ordførar i Sauherad Mette Haugholt, Arbederpartiet.

Vil velje erstattar for Wenche Akkerhaugen

På eit formannskapsmøte i Bø i dag, fredag 15. november, vedtok formannskapet i Sauherad formelt å kaste Wenche Akkerhaugen som styremedlem i Irmat.

Formannskapet hadde då alt blitt einige om å gjere akkurat det og skrive brev til Irmat, datert 8. november, der det bad om ekstraordinær generalforsamling. Irmat svarte 12. november og sette datoen for ekstraordinær generalforsamling til 21. november.

Problemet var at politikarane i Sauherad ikkje hadde gjort noko formelt vedtak.

– Leiaren i kontrollutvalet vende seg til meg og bad oss gjere det, sa ordførar Mette Haugholt etter formannskapsmøtet fredag.

I dag vart altså vedtaket fatta på eit møte som ikkje var gjort kjent offentleg. Ifølgje Haugholt hadde politikarane blitt einige om å samlast for å gjere det nødvendige vedtak under eit telefonmøte kvelden før. Møtet var ikkje kalla inn på vanleg måte og låg ikkje i møtekalenderen før møtet.

Høgre imot

I  møtet vart det også lese opp ein epost som Erik Søndergaard, Svein Tore Bakaas og Wenche Akkerhaugen hadde sendt til Haugholt. Dei tre er Høgre-representantar, alle med plass i kommunestyret, og Akkerhaugen i formannskapet i tillegg. I brevet argumenter dei for kvifor Akkerhaugen kan halde fram. Akkerhaugen forklarar kvifor ho ikkje har trekt seg.

Ho var inhabil i formannskapet og møtte ikkje. Vararepresentanten var ikkje frå Høgre slik at formelt sett vart vedtaket samrøystes.

Eposten vart ikkje lagt ut i møtekalenderen med dei andre sakspapira etter møtet. Haugholt opplyser at ho vurderte det som eit internt papir, men vil offentleggjere det etter at det vart lese opp i møtet.

– Målet er å opprette tilliten til Irmat. Innbyggjarane skal ha tillit til det styret som sit, seier Haugholt etter møtet.

Kommunestyret sterkt kritisk

Ho seier at prosessen starta etter kommunestyremøtet der forvaltingsrapporten om Irmat vart behandla 18. oktober. Haugholt peikar på at kommunestyret var sterkt kritisk til det førre styret i Irmat

– Me følgjer opp den kritikken ved å byte ut Akkerhaugen. Eg tok det telefonisk for å avklare om det var det formannskapet ville. Det var det. Eg tenkte ikkje på formell behandling, seier Haugholt.

Ho seier at ho har prøvd å gjere det så korrekt som mogleg.