Vilde Aase Omnes og Thor Bjørn Omnes tok over garden Bergan Nordre på Gunheim på Gvarv i 2001. Begge er i full jobb utanom garden, men satsar samtidig som fruktbønder som mange andre i det aktive fruktmiljøet i Sauherad. Bø blad besøkte dei midt i plantinga i eplehagen Tråa.
– I dag plantar me 3.000 tre av eplesorten Rubinstep, som er ein sein sort. Den blir god heilt fram til jul, seier paret på Bergan Nordre.
Med seg ute på det 15 dekar store hagejordet har dei tre rumenarar som i eit imponerande tempo, plantar små epletre med traktor og plantemaskin. 30 rette rader med epletre skal det bli. Karane er leigd ut av Telemark Frukthageservice som Jarl Olav Rugtveit står bak.
– Dette er ein del av ein større plan om å fornye gamal hage. Neste år skal me fornye den 10 dekar store hagen ved vegen inn til gardstunet. Trea i den hagen planta gardsarbeidaren vår, Jacek Zeranski, for 29 år sidan, så dei står på overtid, seier Omnes, og planlegg å plante Gravenstein og Discovery neste år.
Les meir om plantinga på Bergan Nordre og fruktmiljøet i Sauherad i dagens avis.