Engangsgrill_Foto-Pixabay

– Sløkk godt om du grillar


Eingongsgrillar kan vere brannfarlege i lang tid, opplyser Det opplyser kommunikasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll. Foto: Gjensidige

Det er varsla fint vêr i påska. Det kan gjere skogbrannfaren stor.

– I april og mai i fjor registrerte forsikringsbransjen over 100 skadar etter brannar der årsaka var grillar, fyrstikker og røyking. Erstatningane enda på nær 30 millionar kroner.

Det opplyser kommunikasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll, i ei pressemelding

Går det som vêrmeldinga til Yr viste før helga, aukar skogbrannfaren utover i påska. Yr varsla ei veke nesten utan nedbør og skogbrannvarslet var på gult alt fredag i førre veke.

Voll oppfordrar folk til å sløkkje grillen skikkeleg og gjerne legge noko tungt oppå slik at den ikkje bles av garde.

– Eingongsgrillar kan vere brannfarlege i lang tid etterpå, påpeikar han og meiner ein bør gå for andre alternativ.

– Sjølv om det kan vere kaldt, kan bakken vere knusktørr, åtvarar Voll.