Loppemarknad sykkel
Loppemarknad sykkel

Sykle til jobben-start i dag

24. april startar folkehelsekampanjen Sykle til jobben. Trim-kampanjen varar heilt til 21. juni. Foto: Øystein Akselberg

Sykle til jobben-aksjonen startar i dag

Onsdag 24. april trillar årets Sykle til jobben-aksjon i gang for 46. gong. Trass i sin stadig meir vaksne alder er aksjonen meir aktuell enn nokon gong. I 2018 var helseutgiftene i Noreg på heile 360 milliardar kroner, ein vekst på 4,2 % samanlikna med året før. Å starte dagen med å gå, jogge, eller sykle til jobben har både ein førebyggjande og helsefremmande effekt. Samtidig bidreg ein til eit miljøløft og enklare trafikkavvikling i sentrum. I tillegg kan ein risikere å bli i ekstra godt humør. Aksjonen Sykle til jobben kan vere den vesle motivasjonen folk treng for å komme i gang, både med en aktiv reiseveg og en meir aktiv kvardag.

I fjor deltok heile 42.000 på kampanjen. Deltakarane kan registrere absolutt all aktivitet og ein kan vinne premiar til både til seg sjølv og laget sitt.

Bø og Sauherad kommunar betalar deltakinga i kampanjen for alle sine innbyggjarar. Dette er ein trimkampanje for alle uansett om ein vel å sykle til jobb eller ikkje. Det handlar om å vere meir aktiv i kvardagen.