160610-Fylkeskart-Telemark-Buskerud-Vestfold

Telemark ikkje med

160610-Fylkeskart-Telemark-Buskerud-Vestfold

Er ute. Buskerud fylkeskommune vil berre snakke med Vestfold og Telemark er ute av samarbeidsplanen. Illustrasjon: Bø blad

BTV-samarbeidet sprekk

Buskerud fylkeskommune ønskjer ikkje å gå vidare i samanslåingsprosessen med Telemark.

Fylkeskommunane i Telemark, Buskerud og Vestfold har vore i gang med å sjå på ei mogleg samanslåing av dei tre. Fylkesutvalet i Telemark har blant anna hatt saka oppe og vedteke å gå vidare med prosessen.

Torsdag 9. juni var dei tre fylkesutvala samla til eit møte på Kongsberg, skriv Buskerud fylkeskommune på si heimeside på Internett. Under møtet kom det fram at det var viktig for alle tre fylka i gi kvarandre tydlege signal om vegen vidare.

Fylkesordførar i Buskerud, Roger Ryberg sa då at ein Buskerud ønskjer å forsette dialogen om ein mogleg felles region med Vestfold, utan Telemark. Samtidig har Buskerud også samtalar med Akershus og Østfold. Dei tre har eit felles fylkesutvalsmøte i slutten av neste veke.

Ifølgje NRK Telemark er fylkeskordførar i Telemark, Sven Tore Løkslid, skuffa. Det er også fylkesordførar i Vestfold, Rune Hogsnes som seier til NRK at det er Vestfold-Telemark-Buskerud (VTB-regionen) ein har jobba for. Han opplyser at Vestfold no ser både nordover og sørover.