Sosiale medium

Bø i Telemark
12
6°C
 

Dato

Onsdag 16. oktober 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Tomas Bruvik blir ny generalsekretær i Landslaget for lokalaviser

Tomas Bruvik er tilsett som ny generalsekretær i Landslaget for lokalaviser. Foto: Geir Hus

Tomas Bruvik er tilsett som ny generalsekretær i Landslaget for lokalaviser (LLA). Bruvik tiltrer i jobben seinast ved nyttårsskiftet, ifølgje ei pressemelding frå LLA.

LLAs styreleiar Øystein Øygarden seier at Tomas Bruvik har ein solid og brei bakgrunn frå lokalavisene og at han kjenner organisasjonen svært godt.

– Dette er ein av dei viktigaste jobbane i Medie-Norge, der lokalavisene står midt i ei digital omstilling. Styret i LLA er trygg på at Tomas Bruvik er rett person til å ta over jobben etter noverande generalsekretær Rune Hetland, seier Øygarden.

Styret i LLA har nytta rekrutteringsbyrået Personalhuset i arbeidet med å finne ny generalsekretær. Det har vore en grundig prosess og det er eit samla styre som står bak tilsetjinga av Bruvik.

Tomas Bruvik har bakgrunn som redaktør og dagleg leiar både i lokalavisene Kvinnheringen og Grenda i Kvinnherad. Det siste året har Bruvik vore ansvarleg for innovasjonsarbeidet i Landslaget for lokalaviser. LLAs påtroppande generalsekretær kommenterer tilsetjinga slik:

– Eg er svært glad for å få denne sjansen, og takkar styret for tilliten. Eg gler meg til å vera med og driva vidare det solide og viktige arbeidet som er gjort sidan LLA vart etablert i 1976. Eg vil óg takka Rune Hetland for den flotte jobben han har gjort for lokalavisene i mange år. Saman med resten av den dyktige staben i LLA, skal vi jobba vidare for å gje lokalavisene best mogleg rammevilkår.

LLAs noverande generalsekretær Rune Hetland har snart vore tilsett i LLA i 25 år. Hetland skal halde fram i Landslaget for lokalaviser. LLA er avisorganisasjonen for 110 av lokalavisene i Norge.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje