Sosiale medium

Bø i Telemark
03
23°C
 

Dato

Fredag 23. august 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Toppa rådmannen med 500.000 kroner

Auke i tilskotet. Gullbring kulturanlegg fekk med seg 3,5 millionar kroner frå formannskapet måndag. Styreleiar Terje Wold og dagleg leiar Katharina Skomedal følgde med frå tilhøyrarbenken. Bak sit kommunalsjef Vidar Lofthus. Foto: Øystein Akselberg

– Det går rette vegen, sa styreleiar i Gullbring kulturanlegg, Terje Wold, då han forlet Bø formannskap sitt møte måndag. Gullbring blei lova 3,5 millionar kroner i ekstra tilskot for inneverande år frå Bø kommune.

Tilskot til Gullbring kulturanlegg stod på sakslista i Bø formannskap måndag føremiddag.

Rådmannens tilråding var å gje to millionar kroner øyremerkt til naudsynt vedlikehald blant anna til taket i svømmehallen. I tillegg var tilrådinga å gje ein million kroner i ekstra driftstilskot for året 2019. To av formannskapsmedlemmene var raskt frampå og ville overby rådmannen.

– Eg føreslår me aukar driftstilskotet for 2019 med 500.000 kroner, sa Evy Beate Stykket (V), og ville dermed setje ekstratilskotet til 1,5 millionar kroner for inneverande år.

­ – Eg hadde tenkt å føreslå same sum, sa Glenn Isaksen (Ap), og la til at kommunen har sveltefora Gullbring over tid og visa til tidlegare kutt i tilskotet, blant anna i 2014.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje