140626-Sankthans-st-hans-Kvennøya-2014-11

Totalforbod mot open eld

Absolutt ikkje lov. No er det ikkje lov å tenne opp bål eller grill ute i det heile.

Gjeld også innmark

På grunn av stor skogbrannfare har brannsjefen i Midt-Telemark brann- og redningsteneste fatta vedtak om forbod mot bruk av open eld utandørs i Bø, Nome og Sauherad.

Forbodet gjeld all bruk av open eld som kan antenne gras, skog og liknande. Forbodet gjeld frå 25. mai og til situasjonen endrar seg. Det skriv brannsjef Svein Ove Kåsa på heimesidene til kommunane.

Forbodet gjeld ikkje berre i utmark, men også på innmark. Det vil seie:

  • Det er ikkje lov å tenne bål og grill i strandsona eller i nærleiken av skog, mark og innmark
  • Det er ikkje lov å tenne opp bål på dei vanlegvis tilrettelagde bålplassane
  • Det er ikkje lov å tenne opp små kaffibål
  • Det er ikkje lov å brenne hageavfall, sjølv på eiga tomt. Dette kan leverast inn på avfallsmottak

Brannsjefen skriv også at dei som driv i skogen må vurdere om det er forsvarleg å halde fram drifta. Han oppfordrar til å respektere totaltforbodet mot bruk av open eld i denne perioden.

Ved brann eller farlege situasjonar bed brannsjefen folk om å ringje 110