skilandslaget kvinner bø 25 juni 2019

Trenar i Lifjellbakkane

På veg mot Jønnbu. Fleire av landets skilag er akkurat no på veg mot Lifjell. Her er det elitejentene som leiar an og det liknar på Therese Johaug i front. Foto: Øystein Akselberg

Telemarksveka er i gang og komande laurdag er det rulleskisprint i Bøgata. Fleire av våre skilandslag ligg i Bø og trenar heile veka. I går var våre eliteløparar å sjå på stiane mot Høyslass og akkurat no (tysdag føremiddag) er dei på veg mot Jønnbu. Dei skal kjøre seks drag mot toppen. Det ville ikkje vere overraskande om det er Therse Johaug som kjem opp først. Ho låg allerie i tet på oppvarminga frå sentrum mot Folkestad. Etter følgde fleire landslagløpaar og også Team Telemark var på farta oppover. Ellers var også vår mann i sporet, Svein Halvor Dahl, med i teamet rundt jentelaga. Han var bak i feltet på elektrisk sykkel.