Sosiale medium

Bø i Telemark
38
15°C
 

Dato

Sundag 21. juli 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Una trenar med VM-spelar


Dei mest lovande: Una Langkås (midten) har vore med på ein talentleir for dei mest lovande fotballspelarane i landet. F.v.  Guro Reiten, Una Langkås og Håkon Grøttland, fagansvarleg landslagsskulen.
Foto: Joakim Maylove Moltzau


Keeper-talent  Una Langkås frå Skarphedin har denne veka vore på treningsleir med nokre av dei beste jentespelarane i landet. Blant trenarane var Guro Reiten.

Una Langaas frå Skarphedin har delteke på ein talentleir for dei mest lovane fotballspelarane mellom 14 og 16 år i Porsgrunn denne veka. Leiren er eit samarbeid mellom Norges Fotballforbund (NFF) og Equinor sitt talentutviklingsprogram. Una har også tidlegare deleteke på talentleir og har spela på j16-landslaget.

Guro Reiten kom nettopp frå VM-sluttspelet i Frankrike og ho skal vidare til Chelsea som proffspelar. Innimellom har ho altså vore i Porsgrunn og instruert og inspirert unge, norske talent, skriv Equinor og NFF i ei pressemelding.

Imponert

– Det er imponerande å sjå nivået desse jentene viser og det lovar godt for framtida til dei norske landslaga. Eg er imponert over den enorme lysta til å lære som Una og dei andre jentene har vist på talentleiren, seier Reiten.

Ho reknar med at A-landslaget sine prestasjonar i Frankrike har inspirert dei ekstra mykje.

Der er rundt 80 av dei mest lovande fotballtalenta i Noreg som deltek på leiren. Det er teke ut fleire landslag og skyggelandslag basert på ferdigheiter, haldningar, sosiale eigenskapar og læringsvilje som spelarane har vist på leiren.

Gode eigenskapar

– Felles for dei som er tekne ut er at dei er vurdert til å vere blant dei aller største talenta i landet. Me har teke dei ut fordi me meiner at dei har eigenskapar som på sikt kan gjere dei til nokre av morgondagens fotballheltar, seier fagansvarleg for landslagsskulen i NFF, Håkon Grøttland.

Reiten seier at kvinnefotballen har teke enorme steg framover dei siste åra. Ho trur interessa rundt årets VM vil inspirere endå fleire unge norske jenter til å satse på fotball. Det vil sørgje for at me får endå fleire talent og styrkjer landslaga endå meir.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje