SUNN FORNUFT. Også på tur må ein bruke hovudet for å unngå koronasmitte, sjølv om ein har god plass, som her på Narefjell i Midt-Telemark.
EKSTRA STØTTE. Frivillige lag og foreingar kan få ekstra støtte til prosjekt dei jobbar med som løfter friluftsliv. FOTO: Arkivfoto

Vindmøller i Sauheradfjella?

Utsyn frå Narefjell. Narefjell-området er inkludert i eit av områda NVE meiner er spesielt eigna for vindkraft. Her er Gvarv turlag på tur. Foto: Arne Hjeltnes

NVE har peika ut 13 område i Noreg som eigna for vindkraftverk. Deler av Sauheradfjella er med, medan Lifjell er uaktuelt.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) la måndag fram ny rapport i «Nasjonal ramme for vindkraft» og har peika ut dei 13 mest eigna områda for nye vindkraftverk på landareal i Noreg. NVE seier dei har lagt stor vekt  på faglege innspel og meiner at teknisk-økonomiske omsyn og miljø- og samfunnsinteresser er godt ivareteke i utvelging av områda.
Frå 43 til 13
NVE starta med 43 analyseområde og har landa på 13 område som ein meiner er dei mest eigna. NVE gjer tydeleg klart at dette ikkje er ein utbyggingsplan for vindkraft, men ein fagleg gjennomgang for å peike ut dei områda i Noreg som er mest eigna for vindkraft når ein tar omsyn til miljø- og samfunnsverknader.

Sauherad er med

Eit av dei 13 områda er eit 889 kvadratkilometer stort område i grenseområda Buskerud, Telemark og Vestfold. I dette området går det ein tarm mot nord og vest som omfattar deler av Sauherad frå Skrimfjella inn i Sauheradfjella mot Heddalsvatnet og Bråfjorden som blir avgresninga i vest. Området omfattar Narefjell, Breiset, Sveinsbugjellet, Eingen og Vardefjell og vidare mot Skrim.