160218-Busk-mobilfri-sone-01-b

Vurderer mobilfrie friminutt

160218-Busk-mobilfri-sone-01-b

Vil prøve. Isak Haukeland, Nora Lund Belayachi (midten) og Sayme Mirozada fortel at elevane ved Bø ungdomsskule skal prøve ut mobilfrie friminutt og så vurdere om det bør bli ei permanent ordning.

Elevane får bestemme

Ved Bø ungdomsskule vurderer ein å innføre mobilfrie friminutt. Innspelet er kome frå FAU, men det er elevane og elevrådet som har fått i oppgåve å finne ut kva ein skal gjere.

– Foreldre var bekymra for mobilbruken. Me diskuterte det i FAU (Foreldras arbeidsutval) og kom fram til at me ønskjer at elevrådet skal snakke om det, seier leiar i FAU, Mikkel Andreassen.

Han seier at FAU vil at dette skal vere ei sak for elevdemokratiet og ikkje noko FAU skal bestemme. Andreassen trur bekymringa til foreldra går på at elevane sit for mykje med mobilen og er lite sosiale. Det er ikkje mistanke om mobbing.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.