Bø blad
Aviser 
Avisbunke
Lokalavisa
KVA SKAL AVISA? Lokalavisa har trykkefridom, ikke trykkeplikt. FOTO: Hilde Eika Nesje

– Kva skal eigentleg på trykk i avisa?

Stadig vekk får lokalavisa førespurnad om å lage førehandsomtaler av lokale arrangement og andre hendingar. Innimellom opplever me også det som liknar krav om dette, samt lite respekt for at det er redaksjonen som skal ta avgjersla om kva som skal på trykk eller ikkje.

Slike avgjersler blir alltid gjort med eit overblikk og heilskapleg vurdering av det totale innhaldet i avisa, og det er viktig å minne om at sjølv om dei fleste lokalaviser ønskjer å ha det høgt under taket og låg terskel for kvarmansen til å meine noko om både lokalsamfunn og lokalavis, så er det forskjell på trykkefridom og trykkeplikt.

Enkelte påstår at lokalaviser ikkje tek inn saker viss ein ikkje får annonse om arrangement eller liknande. Det er å undervurdere vurderingsevna og truverdet til dei som jobbar i avisa. Det handlar om at folk må forstå faget vårt og kva me driv med: Me har lov og må sile ut kva som har nyheitsverdi og interesse for folk flest, og det er ei grense for kva som er tekstreklame og ting som me meiner ikkje er kjempeviktige. Sjølv om ein skriv ei pressemelding til lokalavisa, som ofte er ei oppramsing av programmet for eit komande møte eller liknande, er det ikkje sjølvsagt for redaksjonen å lage sak av det. Me skal ikkje kople annonser og førehandsomtale, rett og slett fordi det ikkje er presseetisk. Me har sympati for at mindre lag og organisasjonar som er tufta på frivilligheit ønskjer å få fram aktiviteten sin. Den er viktig for lokalsamfunnet og det er viktig å bli sett. Samtidig ber me om forståing for at me har rammer å jobbe etter, som til dømes Ver varsam-plakaten og Redaktørplakaten.

Dette betyr for all del ikkje at at me ikkje tek imot tips, pressemeldingar, lesarbrev og ønskje om omtale. Tvert imot blir me veldig glade for alle tips som me kan lage gode og interessante saker om – viss me ser at me kan forsvare det redaksjonelt.

Me set også pris på å få tilsendt tekst og bilde frå hendingar som me ikkje har kapasitet til å dekke. På dette området har me heldigvis mange gode samarbeidspartnarar i lagslivet i Midt-Telemark.

Me er òg veldig glad for engasjementet til midt-telemarkingane når det gjeld å skrive lesarbrev, men også her gjeld det same: Det er redaksjonen som vurderer om det skal på trykk. 

Me har og vil fortsatt ha låg terskel på å få med variert innhald frå alle delar av kommunen i lokalavisa, så slutt for all del ikkje med å tipse oss – men la oss gjere vurderinga.