SLEPP KARANTENE: Dersom ein testar negativt på hurtigtest/sjølvtest, slepp ein smittekarantene. Ein skal teste seg dagleg i fem døgn til elleve døgn etter siste nærkontakt.
SLEPP KARANTENE: Dersom ein testar negativt på hurtigtest/sjølvtest, slepp ein smittekarantene. Ein skal teste seg dagleg i fem døgn til elleve døgn etter siste nærkontakt. FOTO: Illustrasjonsfoto

Nå kan ein sleppe smittekarantene

Frå og med midnatt natt til onsdag kom det nye reglar for smittekarantene og isolasjon frå regjeringa.

Midt-Telemark kommune opplyser på sin Facebookside om nye reglar for smittekarantene.

Smittekarantene på ti døgn kan nå erstattast med dagleg testing for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.

Slik er dei nye reglane:

– Dagleg testing i fem døgn etter siste nærkontakt for husstandsmedlemmar og tilsvarande nære.

– Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære som ikkje kan halde avstand til den smitta i isolasjonsperioden kan erstatte smittekarantene med dagleg testing i elleve døgn (seks døgn i den smittas isolasjonsperiode i tillegg til fem døgn etter dette). Dette gjelder òg barn.

– I tillegg til testregime anbefalast det å bruke munnbind innandørs på offentleg stad og å unngå store forsamlingar og arrangement i ti døgn etter nærkontakten. Anbefalinga om å bruke munnbind gjeld ikkje barn under tolv år, skulebarn over tolv år når dei er på skulen og dei som av medisinske eller andre årsakar ikkje kan bruke munnbind.

– Følg med på eventuelle symptom under heile perioden.

– Ved symptom skal ein helde seg heime og teste seg.

Må teste seg for å sleppe

Dei nye reglane gjeld òg for dei som er i karantene når reglane trer i kraft.

Personar som ikkje føljer testregimet må vere i karantene i ti døgn, med eventuelt testing ut av karantene ved negativ test tatt tidlegast sju døgn etter siste nærkontakt.

Personar som har gjennomgått covid-19 i løpet av dei siste tre månadane er unntatt frå smittekarantene. I tillegg vidareførast dei særskilte unntaka som gjeld for blant andre personell i kritiske samfunnsfunksjonar.

Smittekarantene for nærkontaktar som ikkje er husstandsmedlemmar eller tilsvarande nære den smitta blei oppheva den 13. januar. Personane anbefalast å teste seg tre og fem døgn