OPPFORDRAR TIL Å LESE MEIR NETTAVIS: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark.
OPPFORDRAR TIL Å LESE MEIR NETTAVIS: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark. FOTO: Gro B. Røiland

– Me bør trasse dørstokkmila, og ete litt meir ute

Straumen er dyr og dei fleste meiner prisen har gått over alle støvelskaft nå. Dei nye straumprisane har i alle fall ført til at kvarmansen har blitt meir bevisst sitt eige forbruk, noko dei fleste nordmenn kanskje har hatt godt av. Me er storforbrukarar, og i resten av Europa kjent som ganske umedvitne straumsløserar.

Det er likevel nokon det går ekstra hardt utover nå, særleg når prisane eksploderer til både det dobbelte og meir, og ikkje veks jamt. Små og store verksemder som er avhengig av straum for i det heile å kunne fungere og få det til å gå rundt har blitt ramma hardt av straumsjokket. I Midt-Telemark viser det seg at mange har fått både doble, tredoble og femdobla utgifter. Fleire står i fare for å gå konkurs, eller bli lagt ned viss dette forset. Dei fleste må truleg endre både drift og produksjon. Det er ikkje gunstig verken for dei eller kommunen, derfor har kommunepolitikarane skrive eit brev til regjeringa med eit varsko, der dei ber om snarleg handling. Me får håpe det hjelper.

For ei gruppe næringsdrivande er dette spesielt krevjande. Utelivsbransjen har allereie i to år vore underlagt harde innstrammingar, i tillegg til at pandemien i seg sjølv hindrar folk i å oppsøkje og bruke denne bransjen når smitten herjar i samfunnet. I Midt-Telemark har me allereie sett ein trist konsekvens av dette. Den nyetablerte restauranten Sesong i Bøgata fekk ein vanskeleg start, har vore stengt store delar av pandemi-tida og er nå konkurs. Fleire av dei andre spisestadene som har halde ope har òg hatt det tøft. Dei har mellom anna vore heilt avhengige av koronakompensasjon frå regjeringa, sjølv om den sjølvsagt ikkje dekker opp for totalt tap. Med auka straumprisar kan me bare førestille oss kor krevjande det blir å fortsetje drifta framover.

Me som bur i Midt-Telemark er glade for alle kaféar og spisestader i kommunen. Dei er med på å gjere kommunen attraktiv og gjev den nokre storbykvalitetar, som kombinert med nærleiken til naturen og passe store forhold får oss til å bli, og nye til å flytte til. Me som bur her er også nøkkelen til at det me vil ha i bygda skal gå rundt: Viss ikkje me brukar tilboda me har, er det ikkje liv laga for dei som driv i utelivs- og restaurantbransjen.

Det er forståeleg at mange har vegra seg for å gå ut å ete når smitten herjar, og at kundar uteblir på stader der mange folk kan samle seg. Likevel finst det måtar å støtte opp om dei som har det tøft, slik at me sikrar at dei er her når alt er over: Me kan gå ut på tider da ikkje så mange andre er på restaurant, og me kan kjøpe catering der det er tilbod om dette. Me bør dessutan minne oss sjølv på at me faktisk kan ta sjansen og at det er forsvarleg å gå ut å ete så lenge restaurantane er opne. Etter så lang tid har me kanskje blitt for vante til å sitje heime, men den nye dørstokkmila er noko me alle kan gjere noko med – viss me vil.