VANSKELEG BRU: Borgjabrua i Bø ligg midt i ein sving, og er eit krevjande trafikkpunkt i kommunen.
VANSKELEG BRU: Borgjabrua i Bø ligg midt i ein sving, og er eit krevjande trafikkpunkt i kommunen. FOTO: Gro B. Røiland

– Borgjabrua er uansett ei bru til bry

Søndag ettermiddag skjedde det som mange har frykta lenge, og nesten dagleg bare venta på: Det smalt mellom to bilar på Borgjabrua, vegen blei stengt og naudetatane rykte ut. Brua, som ligg kloss oppi ein krapp og smal sving, er viktigaste og einaste innfartsåre til det største byggjefeltet i kommunen, der det bur fleire tusen midt-telemarkingar. Den kryssar over jernbanen frå Stasjonsvegen i Bø sentrum og opp til Breisås, og har blitt diskutert i årevis, men fint lite har skjedd. Det som er sikkert, er at brua er definert som eit av dei vanskelege punkta i Midt-Telemark dersom det skulle oppstå ei krise som vil gjere det nødvendig for folk å kome seg raskt bort frå området.

Sist helg var det ei bilulykke som blei utfordringa. I over ein time stansa all trafikk ut og inn av Breisås, og sjølv fotgjengarar var forhindra frå å kome seg over brua. Køane blei fort lange på begge sider, og ein skal ha i mente at dette var ein relativt roleg dag trafikkmessig. Som ein lesar påpeiker i dagens avis, hadde nok situasjonen vore ein heilt annan viss uhellet hadde skjedd ein travel kvardag, når trafikken er langt travlare.

Ein ting er at brua i seg sjølv er trafikkfarleg. Den inviterer i alle fall ikkje til slapp køyring. Den er smal og uoversiktleg, og ligg tett på ein sving. I tillegg ligg det eit kryssande fotgjengarfelt over vegen rett før ein svingar inn på brua – det ligg attpå til i ein bakke og etter ein annan krapp sving. Med andre ord ligg det godt til rette for trafikkuhell her. At det ikkje har skjedd fleire ulykker på staden, skuldast i alle fall ikkje eit oversiktleg og godt gjennomarbeidd trafikkområde – sjølv om ein har fiksa på enkelte utfordringar dei siste åra.

Breisås har vakse enormt, og nye store bustadområde har breia seg ut i feltet. Det er ikkje lenge sidan ein debatterte arealplanen i kommunen, der vidare utbygging av feltet var ei heit potet. I desse diskusjonane og tidlegare debattar har avlastingsveg til feltet vore eit tema, utan at det har skjedd noko meir. I kommunens beredskapsråd er også mangelen på fleire gode innfartsårer eit tema når ein diskuterer krisescenario og planar for å vere godt førebudd dersom noko alvorleg skulle skje. Skulle det i verste fall bli nødvendig å evakuere Breisås raskt, vil det truleg oppstå problem. Dersom sjølve brua blir råka, vil ein helst ikkje bu i Breisås.

Uansett kor høgt oppe på risikolista Borgjabrua er plassert, er den ei kinkig nøtt. Avlastingsveg(ar) er noko både kommunen, grunneigarar, Vegvesenet og BaneNor bør setje på dagsorden. Med så mange menneske busett på ein plass, bør målet snarast vere å opne og tilretteleggje for normal trafikk inn til feltet frå fleire stader enn bare Borgjabrua.