OFFISIELL OPNING AV GVARV SKOLE. Elevar og tilsette i skulegarden under opninga.
UNGDOM TRENG MEIR INFORMASJON. Elevar og tilsette i skulegarden under opninga av Gvarv skole i fjor haust. ILLUSTRASJONSBILDE FOTO: Hilde Eika Nesje

– Ungdom treng informasjon, og dei treng det på sine plattformar

Ei meiningsmåling i Midt-Telemark kommune gjennomført av analysebyrået Norfakta på vegner av Bø blad, viser at ungdom er blant dei som er mest skeptiske til samanslåing av både kommune og fylkeskommune. Blant mindretalet som er negative til samanslåing, er det dei unge som stiller seg mest positive til å dele begge desse institusjonane blant alle dei som blei spurt.

Bø blad har spurt medlemmer i ungdomsrådet kva grunnen til dette kan vere, og dei svarar at det handlar om identitet til ein stad og at den staden ikkje nødvendigvis treng vere så stor. I Midt-Telemark held det kanskje å knyte seg til Nordagutu, Gvarv, Akkerhaugen eller Bø. Ein forskar som har sett på barn og unges tilhøyrsle i lokalsamfunnet opplyser at identitet i brei forstand er viktig i dagens samfunn, og at dét er eit gjennomgåande fenomen over heile verda.

Samstundes som ungdomen gjerne knyter seg til éin stad, kjem det òg fram at dei gjerne vil ha fleire treffpunkt på tvers av kommunen, til dømes gjennom felles arrangement. Me veit frå før av at ungdom i fleire fora har uttrykt at det største saknet for ungdom i den nye kommunen er tilgang på gode kollektivtilbod slik at dei unge lettare kan kome seg rundt i kommunen. Viss ein gjer den samanslåtte kommunen meir tilgjengeleg for dei unge, både gjennom transport og kunnskap om kommunen, kan dette kanskje endre seg – det er i alle fall ein interessant tanke.

Ungdommane som lokalavisa har snakka med meiner dessutan at den unge aldersgruppa veit for lite om kommunen, kva som foregår der og at informasjon om den er vanskeleg tilgjengeleg. Det er noko både kommunen, og ikkje minst lokalavisa bør merke seg. Ungdom treng informasjon, og dei treng det på sine plattformar. Den må dessutan vere lett forståeleg og forklart.

Bø blad – lokalavis i Midt-Telemark merker seg spesielt dette ønsket. Som den viktigaste uavhengige og redaktørstyrte informasjonsformidlaren i Midt-Telemark vil me heilt klart sjå nærmare på dette behovet i lys av det samfunnsoppdraget me har – og det skal gjerast i samarbeid med ungdom sjølv.