MEINING: Torbjørn Lahus, Midt-Telemark Høyre
MEINING: Torbjørn Lahus, Midt-Telemark Høyre FOTO: Marta Kjøllesdal

– Viss det er manglar på Folkestad skule, er det kommunen sitt ansvar å ordne opp

Det er tydeleg beskjed frå foreldre og skattebetalarar i Folkestad krins om at dei er nøgde med skulen sin, som i Bø-målestokk ikkje er nokon liten skule.

Viss det er manglar i forhold til bemanning og lærarkrefter, må kommunen ordne opp i dette, for denne skulen bør bestå.

Viss det er manglar på vedlikehald, må kommunen be MTKE (Midt-Telemark Kommunale eigedomsselskap) ordne midlar til dette. Det er ei av dei oppgåvene som det kommunale aksjeselskapet er pålagt. Der er det òg godt med pengar i dag.

Eg meiner at Folkestad skule også framover skal få vere den gode grendeskulen den er i dag.