OPPFORDRAR TIL Å LESE MEIR NETTAVIS: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark.
OPPFORDRAR TIL Å LESE MEIR NETTAVIS: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark. FOTO: Gro B. Røiland

– Kvifor kan ikkje lokalnyheiter vere gratis?

Frå tid til annan, og eigentleg altfor ofte, får me spørsmål og oppfordringar i Bø blad om å leggje ut saker me skriv gratis på nett. Særleg i koronatida er det fleire som legg inn krav, kommentarar og spørsmål både i sosiale medium, på e-post og munnleg om at det me skriv burde vere opne saker slik at alle kan lese dei, uavhengig av om ein har abonnement på avisa eller ikkje.

Me kan vere einige i at når me er midt inne i ein pandemi, ei krise, der det er viktig at alle innbyggjarar får viktig informasjon frå dei lokale myndigheiter, er det også viktig å ha opne saker slik at flest muleg blir informert. Det praktiserer me òg når det gjeld til dømes direkte oppfordringar frå kommuneoverlege og ordførar om korleis ein bør te seg for å unngå smitte og kva for lovar og reglar som gjeld. Det vil me også gjere i andre kriser der det er viktig at lokalsamfunnet får kjapp og riktig informasjon, og der det er viktig at alle får tilgang til dette. Der har me eit samfunnsansvar, for me når veldig mange.

At me skal leggje ut alt som handlar om koronapandemien eller andre saker gratis, er derimot ikkje ein sjølvsagt ting. Verken kva som skjer på 17. mai eller kor ein kan kjøpe det eine eller det andre, kvifor ein veg er stengt eller kva som eigentleg har skjedd i ei ulykke er nødvendig allmenn eller livsviktig informasjon. Det er det heller ikkje å få vite kva ein spesiell person har sagt i eit intervju med lokalavisa.

For dei som ikkje har fått det med seg allereie, så lever lokalavisa i Midt-Telemark i stor grad av abonnentar, og lesarbetaling vil bli enda viktigare for forretningsmodellen til avisene i framtida.

Me som jobbar i avisene brukar både tid og krefter på å innhente, sjekke og formidle informasjon og til å opplyse borgarane om kva som skjer på staden dei bur. Avisene skal løne journalistar, grafikarar og salsmedarbeidarar som brukar svært mykje tid på å gje lokalsamfunnet det som trengst av opplysning. Vil ikkje folk betale for det produktet, er det heller ikkje liv laga for lokalavisa. Nettopp derfor tek me betalt for jobben me gjer, og nettopp derfor bør det vere like naturleg å betale for nyheiter som andre saker.

Me spør aldri om me kan få brød og smør, eller bilvasken gratis. Takk derfor til deg som heller ikkje gjer det når du vil ha nyheiter om lokalsamfunnet ditt!