Lensmann i Midt- og Vest-Telemark, Sigrid Dahl, opplyser at politiet vil nekte arrangement dersom det er fare for ulovleg alkoholbruk blant unge under 18 år. Dette gjeld heile øvre Telemark.
Problemet med rusfrie ungdomsfester som kjem ut av kontroll er ikkje noko nytt.
– Eg har erfart at mange unge som ønskjer å arrangere fest ikkje er klar over kva det inneber å ha ansvar for ein fest med kanskje fleire hundre ungdomar, seier Dahl, som anbefaler å samarbeide med etablerte arrangørar og utestadar.
Les meir i papiravisa eller i e-avisa på nett for abonnentar.