LEITAR: Skulegruppa til Oterholt gredelag leitar etter fakta. F.v. Gregar Høydal, Hanne Porsholt Jensen, Torgeir Straand og Gunnar Bergskås.

- Frå kommunen er det berre øyre­døyv­ande tausheit og null respons

Nedlegging av Folkestad skule: Oppsummering av prosessen før endeleg behandling i kommunestyret 21. oktober.

Vi har i denne prosessen vore gjennom ei mengd tal, avisinnlegg og prøvd å få svar på spørsmåla våre, og ein fornuftig dialog med administrasjonen i Midt-Telemark kommune.

Det har vi ikkje lukkast med.

Vi har hevda at tala og føresetnadene som er presenterte ikkje er korrekte og utfyllande, dette er berre blitt avvist med påstandar om at alt er korrekt, og det er ikkje nokon grunn til å tvile på tala og føresetnadene. Refererer til artikkelen i TA. 

Vi har ikkje fått nokon svar eller forklaringar på dei store avvika vi har funne! Det er berre ein øredøvande tausheit og ingen respons!

Når vi no ser innlegga frå tilsette, både på Folkestad skule og Bø skule, så får vi til fulle stadfesta at situasjonen er slik vi har hevda gjennom heile prosessen!

Med ein slik avstand mellom tilsette og leiing så kan det heller ikkje bli lett å skulle leie og involvere sine medarbeidarar i ein stor omstillingsprosess. Det er utallige døme på at slike settingar fører til dårlege og kostbare prosessar og løysingar.

Etter ein slik massiv kritikk frå alle involverte, så er vår tanke at det umogleg kan vere mange politikarar som festar lit til utgreiinga. Dei politikarane som måndag står opp og seier at dei stolar på utgreiinga, må ha ein særdeles sterk tru på at administrasjonen veit alt mykje betre enn dei som jobbar der og som ser korleis det er i kvardagen og som kan det dei snakkar om!

Det vil nok bli hugsa ved neste val.

Godt val!

Powered by Labrador CMS