– Kommunen høyrer, kanskje, men lyttar ikkje
Nå har eg lest kvart einaste innlegg om nedlegging av Folkestad skule.
Aller fyrst vil eg sei at eg er imponert over engasjementet og kunnskapen til "vanlege folk", pluss all gravinga i tala frå diverse prognoser, analyser, budsjett og rekneskap.
Etter mitt syn blir dei fleste tala knust av relevante og fornuftige innvendingar og spørsmål. Men får dei som engasjerer seg skikkelege svar frå kommunen? Det korte svaret er nei.
Dessverre har eg erfaring med kommunen ved helse-og omsorgsetaten. Så her veit eg kva eg snakkar om. Dei later som om dei hører, later som dei gjer det rektige og innbillar seg sjav at dei følger lovar og reglar. Men dei lyttar ikkje!
Akkurat det samme skjer i saka om Folkestad skule ! Eit minimum burde være direkte svar på alle spørsmåla som har dukka opp. I staden turar dei fram i håp om å knekke motstanden og få lagt ned Folkestad skule så raskt som muleg.
Forresten; all ære til politikarane som fornuftig nok har snudd i denne saka.