Sosiale medium

Bø i Telemark
12
6°C
 

Dato

Onsdag 16. oktober 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Ønskjer medisinutdanning

Rektor Petter Aasen peikar på at Helse Sør-Øst peikar seg ut som den regionen som bør ta ansvar for å auke talet på legestudentar.


Rektor ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN), Petter Aasen, meiner USN er godt eigna for å byggje opp eit nytt medisinsk fakultet.

Det skriv Aasen på nettsida til USN.

Det er eit offentleg utval som har sett på medisinutdanninga i Noreg og tilrådd at det blir oppretta fleire studieplassar i medisin her i landet.

I artikkelen skriv Aasen at talet på medisinstudieplassar er lågast i Helse Sør-Øst sitt område. Han meiner derfor at Helse Sør-Øst peikar seg ut som den regionen som bør ta ansvar for å auke talet på legestudentar.

Aasen viser til at USN alt har utdanning innan ei rekkje helsefag og ein har solid fag- og forskingsmiljø på fleire sektorarar.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje