REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad.
REDAKTØR: Hilde Eika Nesje i Bø blad. FOTO: Gro B. Røiland

Kunsten å seie unnskyld

Sist helg braka det laus i den politiske debatten i Midt-Telemark. Det har vore stort engasjement gjennom heile valkampen, og sakene har spunne rundt fleire tema, men nå handla det om ulike meiningar rundt Lifjell-utviklinga. Ein diskuterer om ein skal stanse, begrense eller fortsetje å utvikle hyttefelt på høgfjellet i kommunen vår.

Nasjonal politikar Une Bastholm frå MDG fekk vere med lokale listekandidatar frå eige parti og sjå på hyttefelt på Lifjell. Det lika ikkje ein Høgre-mann og ein Ap-kandidat i Midt-Telemark, to eldre menn som ublygt blanda roller og fekk med seg ein utbyggjar på Lifjell. Dei ville fortelje lesarane av Bø blad at «ei Oslo- berte ikkje får kome her og bestemme korleis me skal utvikle Lifjell» (alt dette kan du lese meir om i nettavisa). Både den nedlatande ordbruken om ein ung kvinneleg stortingspolitikar og flørting med utbyggjarinteresser sette fyr på debatten, og meiningsinnlegga hagla inn til lokalavisa. Det blei også delt og debattert på sosiale medium.

I etterkant har det skjedd noko viktig, og det er noko ein kan ta lærdom av i det vidare politiske arbeidet: Mens ein av dei eldre karane som uttaler seg om berter på Lifjell blir sitjande veldig roleg i båten, står den andre fram som eit godt eksempel for ein kvar politikar – og forsåvidt alle oss andre: Han seier unnskyld. Han legg seg kjapt langflat, og tek både ringerunden til dei som har blitt fornærma og går offentleg ut i lokalavisa og beklagar. Det skjer dessverre ikkje så ofte i politikken, i redsel for å tape politisk ansikt. Det har me også fleire eksempel på frå siste valperiode, sjølv om midt-telemarkingane stort sett held seg fint i skinnet, er gode bussar i kommunestyresalen og har ein god tone seg imellom.

Det er lov å gjere feil, og me kan alle plumpe ut i det og sause det til. Å få lov til å beklage når ein skjønnar at ein har gjort noko som ikkje sømmar seg, er viktig. Å få aksept for at det går an å tabbe seg ut, men også vere så audmjuk at ein unnskyldar seg, er noko ein bør sjå meir av i politikken generelt.

Når det er sagt, skal ein også vere klar over at ein har makt som politikar, og da har ein eit ekstra stort ansvar for det ein seier og gjer. Men ein må òg tole litt meir enn andre, så lenge det er sakleg kritikk. Å vere nedlatande eller drive med hersketeknikk høyrer ikkje heime blant makta. Korleis ein ordlegg seg betyr mykje, for ord er mektige våpen og dei må ein ikkje misbruke.