Bø blad
Aviser 
Avisbunke
Lokalavisa
KVA SKAL AVISA? Lokalavisa har trykkefridom, ikke trykkeplikt. FOTO: Hilde Eika Nesje

– Tøffare tider, men det kostar ein knapp kaffikopp i veka å halde seg oppdatert

Det er tøffare tider i mediebransjen, akkurat som i resten av samfunnet. Etter nokre år med fleire mulegheiter for jobb i bransjen, samt auke i opplaget, ser pilene igjen ut til å snu i negativ retning. Mange medium går nå tilbake i opplag. Det viser ferske tal frå avisorganisasjonane, som to gonger i året måler korleis det går med avisene.

Lokalavisene står likevel sterkt blant folk i heile Noreg. Det stadfestar dei ferske opplagstala for første halvår 2023. Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) la fram nye opplagstal for avisbransjen onsdag denne veka. LLA, som Bø blad er medlem av, har over 110 medlemsaviser. Totalopplaget for desse følgjer nedgangstrenden noko, og går samla ned med 3258, som er ein nedgang på 0,90 prosent. Rundt 60 prosent av LLA sine lokalaviser går tilbake, men så mange som rundt 40 prosent går fram når ein samanliknar med netto opplagstal for første halvår 2023 med første halvår i fjor. Ein skulle sjølvsagt ønskje seg betre opplagstal over heile fjøla, men med tanke på at mange opplever strammare privatøkonomi for tida, er det ikkje så verst resultat. LLA melder at under valkampen hadde svært mange av lokalavisene veldig gode lesartal, noko som viser at dei står høgt i kurs blant innbyggjarane. Ifølgje generalsekretæren i LLA har lokalavisene dei siste vekene demonstrert kor viktig det er for lokaldemokratiet å ha levedyktige lokalaviser.

Bø blad – lokalavisa i Midt-Telemark er ei av avisene som har fin opplagsauke det siste halvåret. Saman med avisa Kanalen i Nome og Vest-Telemark Blad er me dei einaste avisene i heile fylket som går fram nå. Alle dei større avisene opplever nedgang.

Aukande renter og stigande prisar gjer noko med lommebøkene, og det er naturleg at folk flest vil stramme inn. Me som jobbar i lokalavisa vil likevel slå eit slag for produktet vårt, og minne innbyggjarane i Midt-Telemark på kor viktig det er å ha ei lokalavis som kan kikke makta i korta, men òg binde saman folk og stader der me bur. Lokalavisa skaper identitet og samkjensle for lokalsamfunnet, og me trur nok at den sørgjer for at dei som bur her blir litt meir opplyste. For å få til alt dette, er me nøydd til å selje vara vår, og i stadig sterkare grad blir me avhengig av at folk vil betale for innhaldet. At det kostar mindre enn ein kaffikopp eller halvliter brus per veke å abonnere, synest me ikkje er så aller verst pris heller. Uansett: Takk for tilliten!