MEINING: Marianne Løvlund.
MEINING: Marianne Løvlund. FOTO: Gro B. Røiland

– Skogen og naturen me fekk leike og utfalde oss i på Folkestad var helbredande

Når eg ser engasjementet blant folk for å redde Folkestad skule, og dermed unganes mulighet til å få ein god oppvekst, blir eg rørt og takknemleg.

Takk for at eg har fått vakse opp i denne bygda som alltid har vore prega av dugnadsånd og sterk respekt for barnas rett til å bli skjerma for unødvendig skade.

Takk for at eg fekk komma hit som åtteåring, etter eit traumatisk år i fyrsteklasse på Sunds skule, der eg til slutt gråt og nekta å gå på skulen. Eg fekk komma til Folkestad skule og gå der andre, tredje og fjerde skuleåret. Dei andre ungane ga seg ikkje før dei fekk med seg denne inneslutta nykomlingen med skulevegring i leiken og samværet forøvrig.

Tusen takk til alle sammen!

Skogen og naturen me fekk leike og utfolde oss i virka helbredende på meg psykisk, fysisk og sosialt. Samhaldet oss ungane imellom, kjenne at eg hørte til og blei akseptert, verdsatt – det var ubeskriveleg verdifullt.

Tredje skuleåret fekk eg same lærar som pappa hadde hatt. Han nekta å akseptere at eg var «dum» – slik eg hadde lært å sjå på meg sjølv, som eit «problembarn». Han pressa meg til å gjera lekser. Og det fantastiske skjedde: Eg oppdaga at eg kunne lære eg også. Ubeskriveleg herleg for meg som unge, og så avgjerande for resten av livet mitt.

Dei tre åra eg fekk ha på Folkestad skule redda meg. Eg fekk blomstre og utvikle me, fekk trua på meg sjølv, positivt syn på samkvem med andre og håp for framtida.

Eg vil ikkje utsetta meg sjølv for tanken på korleis det kunne ha gått med meg dersom eg som andreklassing hadde blitt plassert på «asfalt-utestaden» ved Bø barneskule i staden for ved Folkestad. (Me måtte ned dit f.o.m. femte skuleåret, hausten 1970.) Eg fryktar at eg hadde fortsatt å føle meg som eit «null» i mengda av framande ungar, inneslutta, og utan tru på meg sjølv.

Takk til alle for Folkestad skule! Og må den bestå, slik at den kan fortsette å redde ungar som meg.