MEINING: Einar Fagerås, kommunestyrerepresentant for Senterpartiet

Skulestruktur i Bø - siste runde?

«Av omsyn til kommunen sin økonomiske situasjon og av omsyn til å tilpasse oppvekstsektoren til framtidige tenestebehov» rår kommunedirektøren til å legge ned Folkestad skule og flytte elevane til Bø skule. I tilrådinga står det at kommunen årleg vil spare 3,8 millionar kroner, sjølv med nybygg i Bø. Han seier samstundes at dette vil vere til elevane sitt beste.

Eg har ingen prinsipielle motførestillingar til dette og ein ny felles skule i Bø, men planane tek ikkje omsyn til at:

* Uteareala blir 34 m2 per elev, mot 50 m2 som vert tilrådd og 70 m2 på Gvarv.

* Relativt liten styrking av bemanninga på Folkestad har vist seg vellukka og kan vidareførast.

* Potensialet som kan ligge i meir samarbeid mellom Bø og Folkestad er ikkje vurdert, mellom anna at lærarane får undervisningsplikt på fleire skular.

* Uteareala på Folkestad har kvalitetar med større utviklingspotensial enn på Bø skule.

* Ved Folkestad ligg forholda godt til rette for å kunne realisere nye politiske signal om ein meir praktisk og fysisk aktiv skule.-

* Trafikksituasjonen ved Bø skule kan bli dårlegare.

* Frakt av elevar er negativt i eit folkehelseperspektiv, i tillegg til ekstra utgifter.

* Nedlegging av Folkestad kan føre til at det blir etablert friskule, som vil redusere gevinsten ved felles skule i Bø. 

* Kostnadene ved omstillinga for lærarar og elevar er ikkje med i reknestykket.

* Kommunedirektøren vurderer ikkje usikkerheit og risiko knytt til utbyggingskostnader, utvikling i elevtal og val av datagrunnlag/ føresetnader m.m.

Kommuneøkonomi er eit sentralt tema i alt kommunen er engasjert i. Vi må difor sjå nøkternt på den økonomiske situasjonen:

• Når vi samanliknar oss med andre kommunar er utgiftene til skulane våre på eit normalt nivå.

• Kommunen vår har i dei fem åra som har gått klart seg utan å kome på ROBEK, det er betre enn det Bø kommune og Sauherad kommune klarte i dei 20 åra før samanslåinga. 

• Det er mange hol i kommunekassa, vi må sjå på alle!

• Kommunen vår er generelt veldriven: I «Kommune -NM» som går i regi av NHO ligg vi på 2. plass i Telemark. 

Ved alle tiltak vi gjer for å få balanse i økonomien må nytten vegast opp mot ulemper og kostnader. 

På den positive sida må økonomisk innsparing vega tungt, og like eins det som er til det beste for elevane. Kommunestyret må ta stilling til dei faglege spørsmåla, men må òg gjere ei totalvurdering . Dette er politikk! 

For min del har eg komme fram til at den beste løysinga er å oppretthalde Folkestad og investere i lokala der til ein nøktern standard. Senterpartiet gjekk til val på at vi ikkje skulle leggje ned skular. Ut frå ei samla vurdering har eg kome til at eg held fast på det!

Det går no mot at vi får ei endeleg avklaring på skulestrukturen i Bø. Dette har vore ei krevjande sak med stort engasjement lokalt og stor innsats frå kommuneadministrasjonen. No er det viktig å få eit endeleg vedtak og ro kring framtidig skulestruktur.

Powered by Labrador CMS