Midt-Telemark kommune melder om tre nye smitta personar onsdag kveld.
– To av dei er i same husstand, og ein er kjent nærkontakt, heiter det i ei pressemelding frå kommunen.
Kommunen opplyser at smittevegen er kjent hos alle dei tre nye smittetilfella.
Kjem frå Grenland
– Den påviste smitten blant dei tre er vidarespreiing frå smitte i Grenland. Smittesporing er starta og alle nærkontaktar blir kontakta i løpet av kvelden, opplyser kommunen.
Eitt tilfelle er knytt til Gvarv skole, men vedkomande har ikkje vore på skulen i aktuell smitteperiode som var sist veke.
Det er i dag åtte smitta personar som sit i isolasjon i kommunen.