Kva er det mest verdifulle du har? Tenk deg godt om.
Framtida di: Kva er det som er viktigast?
For meg er det lett å svare: Ungane. Mine eigne og andres. Dei er framtida, di og mi. Gjev me dei gode oppvekstvilkår slik at dei får utvikla seg positivt til gode samfunnsborgarar, og gjer dei trygge og sikre på at dei er elska og ivaretatt, får dei utvikle seg til ressurspersonar som gjer framtida god for oss alle.
Som næraste nabo til Folkestad skule merkar eg kor positivt det er å sjå og høyre ungane leike og hyle. Det vil bli utruleg stilt utan dei. Dei representerer liv og framtid. Dei leikar fritt i skogen. Bygger diverse og kosar seg. På Folkestad skule har dei mulegheit til å utvikle seg i nær kontakt med naturen.
I mi tid som elev ved Folkestad skule leika me alle saman. Me følte samhørigheit, og at me blei sett. Skuleklokka var Ingebjørg Årnes som ropa: "Nå e det inn!"
Som 10-12-åringar måtte me ned til Bø skule. Der blei me "borte" i mengda. Stod bare på den asfalterte plassen, i små grupper. Trivselen blei redusert, og med den mulegheiten til å utvikle seg best muleg.
Ungane er det mest verdifulle me har. Dei er framtida for oss alle. Det luraste me kan gjera er å prioritere dei.
Skjerm dei for sparekniven. La den heller gå utover oss vaksne. Me toler det atskillig betre, enn ungane i sin gryande utviklingsfase.
La Folkestad skule leve, med dei herlege ungane som får utvikle seg der.